EI GLAD MATHISTORIE

Det er mange år sidan nå, at vesle Sverre Gustav på fem år lurte seg ut frå middagen for å køyre traktoren til faren, heime på garden på Birkeland. Det var jo ikkje anna enn naturlig for han å prøve alt som kunne prøvast på garden. Det fekk berre stå si prøve, at føtene hadde eit godt stykke igjen ned til pedalane.

 Håvard var nokre år eldre. Han var ofte på besøk på garden, og passa ofte på den ivrige vesle bondesonen. Dei to vaks opp saman, og mykje av leiken og utforskartrongen gjekk føre seg på garden. Stell av dyr var ein del av kvardagen for begge, og sjølv om Sverre Gustav hadde ei tiltrekking mot alt med motor, var det dyrehold som var familien sitt levebrød og kvardag.

Også Håvard hadde gardsdrift i blodet. Besteforeldrene hans dreiv gard i Eidfjord og i Sauda  hadde dei «garasjesau» i ei årrekkje. Berekraftig drift var ikkje berre fine ord, det var naudsynt for å ha mat på bordet. Ein kasta ingenting, og ein tok vare på dyra. Heile tida.

 Mens Sverre Gustav brukte konfirmasjonspengane sine på utstyr til traktoren, gjekk livet sin vante gang i Sauda, og på Birkeland. Håvard gjekk med eit brennande ynskje om å drive sin egen gard, mens Sverre Gustav førebudde seg til å ta over familiegarden.

God, tradisjonsrik husmannskost har alltid stått på bordet heime hos barndomsvenene og bøndene Sverre Gustav Birkeland og Håvard Lunde. Å vekse opp på gard har lært dei om dyrevelferd, om matproduksjon og om korleis fornøgde og friske dyr gir det beste kjøtet. I dag driv begge eigne gardar. Sverre Gustav blei eigar av garden på Birkeland som 18-åring, mens Håvard driv i dag garden ”Gamletunet”, som ligg i innfallsporten til vakre Åbødalen.

Lærdomen frå barndomen har dei begge teke med seg. Å drive med dyr er arbeid som skal drivast med samvit og omsyn til dei firbeinte. Ein gris som går ute i sørpe, jord og natur, som et røter, urter og anna snadder han grev fram, det er ein glad gris. Ein sau som går i fjella rundt Sauda på sommaren, som kan vandre rundt og tygge på nyspirt høgfjellsgras i områda rundt Avhoggnuten eller Sauanuten, det er ein glad sau. Eit høglandsfe som får ta seg god tid til å beite, som får gå fritt i naturen sommar og vinter, det er eit glad høglandsfe.

I dag har Sverre Gustav og Håvard si eiga kjøtvarebedrift. Dei vil levere mat der minimal medisinering, godt stell og fantastiske beiteforhold sørger for at dyra har det godt, heilt frå fødsel til slakt. Dei vil levere mat med smak av Rogalandsfjella. Mat av topp kvalitet, som du kan nyte med godt samvit. Mat som har ei glad historie bak seg.