God plass om vinteren

God plass om vinteren

Sauane har vore i vintermodus lenge no. Vinteren er lang, og me er glade for at sauane har så god plass. Faktisk har kvar Saudamat-sau tre gonger så stor plass å boltre seg på vinterstid, enn det som er tilfredsstillande i henhold til norske krav. Me ser fleire fordeler med det. Meir plass gjer at sauane beveger seg meir. Det gjer at lamminga i mange tilfelle går lettare, og me trur også det er med på å skape betre trivsel.

Høglandsfea har gressa og oppheldt seg på sørsida av storelva, ved Sagbogen. Her har dei mellom anna eit leskur. Vatn drikk dei frå elva. Vinteren ser ikkje ut til å gå særleg inn på dei hardføre dyra. Dei et og trivs uansett. Allerede i mars fekk me ein høglandskalv, ein liten tass som enno ikkje har fått noko namn. Har nokon ein idé?

Legg igjen ein kommetar

Your email address will not be published.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.