Nyklipt og klar for sommarbeite

Nyklipt og klar for sommarbeite

Sauane har vore inne sidan oktober, og no trippar dei utålmodig, klare for at våren skal kome for alvor. No er det vaksinering for dei små, og heile hurven er stelt og klipt. Me kan sjå at lamminga ikkje er veldig langt unna. Frå cirka 10. april til 15. mai føregår lamminga i år. Alle dei drektige sauane har gjennomgått ultralyd, og me kan no røpe at me venter cirka 650 lam denne våren.

Dei tøffe fea våre skal dei neste vekene begynne å trekkje oppover i fjella. Dei trivs godt på cirka 700 meters høgde om sommaren. Også nokre av fea skal kalve om ikkje lenge. Fea veks sakte, så det er stas når det kjem kalvar.

Me gler oss!

Legg igjen ein kommetar

Your email address will not be published.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.