Vårt fyrste innlegg

Vårt fyrste innlegg

Om du les dette, betyr det at du er nysgjerrig på korleis dyra våre har det. Det synes me er ein fin eigenskap, og me ynskjer deg velkomen til å kikke innom denne lille dyrebloggen med jamne mellomrom. Me kjem til å bruke denne kroken av heimesida vår til å fortelje om alt viktig som skjer i liva til dyra våre. Me ynskjer openheit omkring dyrevelferd på gard, og håper dette er eit triveleg bidrag til nettopp det. Dei dyra vi skriv om her, er dei same dyra som med tida blir til gardsmat frå Sauda. Dei skal ha det godt i livet, for å bli god mat for oss seinare.

I dei framtidige innlegga her, vil me ha full fokus på dyra, kva dei gjer, kor dei oppheld seg, kva dei et, og korleis dei har det. Takk for at du også bryr deg!

Legg igjen ein kommetar

Your email address will not be published.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.