Lamminga har gått bra

Lamminga har gått bra

Allereie 5. april kom årets fyrste lam, og sedan det har lamma kome i tur og orden. Det har vore hektiske veker og mange små og store firbeinte som har behøvd hjelp og stell. Dei minste på garden har vore flinke hjelparar, og no kan me glede oss over meir enn 600 glade og friske lam.

Sauane får i snitt to lam, og no er dei komne seg ut på beitemarkene våre på Birkeland, Espeland. Der skal lamma beite saman med mora til dei blir omlag 25 kilo. Då ventar fjellbeitet og det aller beste graset Saudafjella har å by på.

Legg igjen ein kommetar

Your email address will not be published.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.