Storkoser seg i fjellet

Storkoser seg i fjellet

Både sauer og lam er no godt på plass i fjella omkring Sauda, og me var i helga på ein runde for å sjekke forholda. Sauene søkjer områder ved snøkantane, der dei finn det aller beste graset. Det er dei aller første spirene som er aller mest næringsrike, og sauene leiter seg imponerande lett fram til slikt gras. Dei er dyktige til å velje den beste maten etter forholda, og nokre dagar et dei berre urter. Andre dagar berre gras.

No er sauene spredt i områda mellom Indre Kvandal og Sauanuten. Dei beveger seg mellom 700 og 1200 meters høgde, og stortrivest her oppe. Her finn dei både nyspira gras og Fjelltimotei.  Kva meir kan ein sau bææ om?

Legg igjen ein kommetar

Your email address will not be published.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.