Kategori: Dyra

Home / Dyra
Hei til verda
Innlegg

Hei til verda

I forrige veke kom denne krabaten til verda. Han makta ikkje mykje, og brukte lang tid på å kome seg på beina. Difor måte store og små bønder trå til og halde han varm. Han forsto ikkje heilt samanhengen mellom mora og mjølka, så dei fyrste dagane blei det mat via sonde. No har han...

Dei elskar vinteren!
Innlegg

Dei elskar vinteren!

Høylandsfea likar vinter og snø. Dei nyter late dagar og har to store matfat der det er haugevis med mat som dei kan ete akkurat når det passar dei.

Sauesankinga i gang
Innlegg

Sauesankinga i gang

Nå er sauesamlinga godt igang. Dette er ein tradisjon der vi er så heldige at mange vil vere med å delta og hjelpe til. Det er noko spesielt med sauesanking. Sosialt samvær, organisert leiting og driving av sauer og lam fenger interessa til dei fleste som likar seg i fjellet. Å gå på tur og...

Hausten nærmar seg
Innlegg

Hausten nærmar seg

  Hausten nærmar seg No nærmer det seg haust og tilhøyrande sauesanking. Denne sommaren har dyra kosa seg ekstra mykje i det flotte sommarveret. Lamma opplevde ikkje regn før langt utpå sommaren. Dette er svært sjeldan.

Storkoser seg i fjellet
Innlegg

Storkoser seg i fjellet

Både sauer og lam er no godt på plass i fjella omkring Sauda, og me var i helga på ein runde for å sjekke forholda. Sauene søkjer områder ved snøkantane, der dei finn det aller beste graset. Det er dei aller første spirene som er aller mest næringsrike, og sauene leiter seg imponerande lett fram...

Lamminga har gått bra
Innlegg

Lamminga har gått bra

Allereie 5. april kom årets fyrste lam, og sedan det har lamma kome i tur og orden. Det har vore hektiske veker og mange små og store firbeinte som har behøvd hjelp og stell. Dei minste på garden har vore flinke hjelparar, og no kan me glede oss over meir enn 600 glade og friske...

Nyklipt og klar for sommarbeite
Innlegg

Nyklipt og klar for sommarbeite

Sauane har vore inne sidan oktober, og no trippar dei utålmodig, klare for at våren skal kome for alvor. No er det vaksinering for dei små, og heile hurven er stelt og klipt. Me kan sjå at lamminga ikkje er veldig langt unna. Frå cirka 10. april til 15. mai føregår lamminga i år. Alle dei...

God plass om vinteren
Innlegg

God plass om vinteren

Sauane har vore i vintermodus lenge no. Vinteren er lang, og me er glade for at sauane har så god plass. Faktisk har kvar Saudamat-sau tre gonger så stor plass å boltre seg på vinterstid, enn det som er tilfredsstillande i henhold til norske krav. Me ser fleire fordeler med det. Meir plass gjer at...

Vårt fyrste innlegg
Innlegg

Vårt fyrste innlegg

Om du les dette, betyr det at du er nysgjerrig på korleis dyra våre har det. Det synes me er ein fin eigenskap, og me ynskjer deg velkomen til å kikke innom denne lille dyrebloggen med jamne mellomrom. Me kjem til å bruke denne kroken av heimesida vår til å fortelje om alt viktig som...