mat av gris

Svinekjøt er allsidig og sunt. Kjøtet er magert og smakfullt, og blir flittig brukt av oss nordmenn. Saudamat legg vekt på at våre grisar får mest mogleg naturlege levekår, og at dei får tilgang på naturleg mat. Du skal kjenne på smaken at svinekjøt frå Saudamat er ekstra godt, naturleg og smakfullt.

Bacon

Frukostfavoritten over alle. Med riktig feittmengde og masse kjøt er dette den smakfulle og sprø prikken over i-en til ei mengde rettar, som Pasta Carbonara og lutefisk.

Ribbe

Ribbe er tradisjonsrik mat og er for mange ein sjølvskriven julemiddag. Dette anvendelege stykket kan også brukast til mange andre rettar. Ribbe er nydeleg som pålegg eller på grillspyd. Kva med ein asiatisk vri, med søt glaze med smak av ingefær og chili?

Kotelettar

Dei fleste nordmenn har eit forhold til svinekoteletten. Her er det stor forskjell på råvarene, og vel du frå øvste hylle, er dette rein luksusmiddag. Kotelettar er anvendelege og kan serverast på tallause vis, til dømes med bearnaisesaus og poteter, eller med chilikål.

Nakkekotelettar

Disse kotelettane har litt meir feitt og blir herlege og saftige. Dei er veldig anvendelege og passar bra til både grillen, steikjepanna og i steikjeomnen. Peparsaus, appelsinsaus, poteter eller ris. Det er berre å bruke fantasien med denne flotte råvara.

Røykt svinekam

Ein søndagsfavoritt for mange. Heilsteikt svinekam med klassisk tilbehøyr som grønsaker og poteter er ein sikker fulltreffar, gjerne med sjysaus eller med eit hint av estragon.

Røykt svineknoke

Rimeleg og smakfull mat treng ikkje vere vanskeleg. Heimelaga lapskaus med røykt svineknoke. Nydeleg kvardagsmat som er sunn. Passar også til kjøtsuppe, eller servert tradisjonelt  med ertestuing eller surkål.

Bestill