mat av sau

Kjøt frå sau er sesongvare, og i all den tida dette herlige kjøtet ikkje er tilgjengeleg, gler me oss til neste gong det blir det. Dyra våre beiter i høyfjella omkring Sauda, og har en herleg smak av tradisjonar og natur. Det er mange tradisjonar knytta til mat av sau, og me overlet til deg å plukka ut dine eigne favorittoppskrifter, enten det er fårikål eller lammelår. Me skal sørge for at råvaren er av topp kvalitet.

Ytrefilet – 298,- /kg

Både ytrefileten og indrefileten av lam egnar seg utmerka til å steikjes heil. For ytrefileten gjer 65 gradar kjernetemperatur ein medium steikt filet, mens 75 gradar gjer eit gjennomsteikt stykke herleg festmat. Hugs å la kjøtet kvile ei stund.

Indrefilet – 349,- /kg

Både ytrefileten og indrefileten av lam egnar seg utmerka til å steikjes heil. For indrefileten vil 60 gradar kjernetemperatur gje ei rosa og mør oppleving. Det er ikkje lang steikjetid, så ver oppmerksam. Hugs å la kjøtet kvile ei stund.

Lammecarré – 398,- /kg

Dette er saftig, mørt og smakfullt kjøt, og om du vil imponere gjestene dine, vil dette garantert bli ein fulltreffar. Brun kjøtet først i panna, før du steikjer det i omn. Ca. 20 minutt vil fungere, men dette avheng av kor tjukk fileten er.  Godt tilbehøyr kan vere steikte poteter, saus av sjy, samt grønsaker.  

Lam BaklårSkiva lammelår – 269,- /kg

Skiva lammelår er som skapt for grillen. Tilbehøyret kan du velje sjølv, men me anbefaler å holde det enkelt. Kjøtet har så god smak at det fortener å sleppe fram. Nokre grilla grønsaker og litt potetsalat er ein fin kombinasjon. Skiva lammelår er forresten ekstra velegna til å marinere. Smakleg måltid.

Lammekotelettar

Dette er raskt og enkelt å lukkast med. Du steikjer eller grillar kjøtet raskt på begge sider, og ettersteikjer det i to-tre minutt på svak varme. Mørt og smakfullt.  

Lam BaklårLammelår – 249,- /kg

Eit riktig luksusmåltid, og festmiddag i særklasse. Du kan variere mykje, men dei fleste vel klassikaren med kvitlauksfedd og rosmarinkvastar stappa godt inn i kjøtet. Låg steikjetemperatur og god tid er nøkkelen til suksess, anten du vel det eine eller det andre tilbehøyret.

Lam BaklårLammeskank – 249,- /kg

Me anbefaler lang steikjetid og låg temperatur. Server gjerne med rotgrønnsaker og potetmos til. Ein velsmakande sjysaus fungerar utmerka.

Lam FramlårLammebog – 149,- /kg

Verkeleg smakfullt kjøt som blir mest brukt til gryterettar. Det er dette kjøtet som eignar seg aller best til fårikål. Heil lammebog kan du også heilsteikje i omn på same måte som lammesteik.

Pinnekjøt

Vestlendingane sin julefavoritt og eit eventyrlig smakfullt kjøt, med smak av tradisjonar. Damp over bjørkepinnar, eller forsøk gjerne å la pinnekjøtet trekke i grønsakskraft. Server med kålrotstappe, poteter og smelta smør.  

Lammeribbe – 398,- /kg

Dette er verkeleg snaddermat, om du lagar det rett. Let du lammeribba trekkje i vatn i eit par timar, kan du grille eller steikje det i steikjeomnen til det blir sprøtt og delikat. Server gjerne med kvit saus og rotgrønsaker.  

Bestill