mat av storfe

Høglandsfe er hardføre dyr. Dei veks sakte, og dei gjer stort sett som dei vil. Dyra våre er utandørs sommer som vinter, og dei lev i sitt eige tempo. Me er sikre på at fredagsbiffen får ein ny dimensjon, og at det tradisjonelle sosekjøtet blir betre en nokon gong. Dette er storfekjøt av skikkelig Sauda-kvalitet.

Kjøtdeig – 130,- /kg

Alle bruker kjøtdeig, men vel du verkelig kvalitetskjøtdeig, kjenner du det på smaken. Rett feittmengde gir ein herleg smak, som passar perfekt til alt frå burgarar til Spaghetti Bolognese.

Indrefilet – 549,- /kg

Den aller møraste av biffstykka. Kan bli brukt til absolutt alt. Grill gjerne fileten til den er rosa i midten, la den kvile og server med løkkompott og heimelaga pommes frites. Kan det bli betre?

Ytrefilet – 498,- /kg

Dette er nordmenn sin favoritt til laurdagsbiffen. Passar godt til heilsteiking, men lett å lykkast med i stykke også. Godt tilbehøyr er fløtegratinerte poteter, bearnaisesaus eller pommes frites. Sunt og magert kjøt.

Nakkekotelettar

Nakkekotelettar har litt meir feitt. Feittet vil smelte delvis vekk under steikjing, men er med å gi kjøtet ein fantastisk smak. Dei er veldig anvendelege, og passar bra til både grillen, steikjepanna og i steikjeomnen.

Flatbiff – 350,- /kg

Dette kjøtet blir ofte brukt til å lage roastbiff og til ulike gryterettar. Dette er magert kjøt og kan også bli brukt som tradisjonell biff, anten strimla eller som heile biffar.


Mørbrad – 350,- /kg

Mørbraden er veldig anvendeleg. Kjøtet er ikkje dyrt, og blir brukt av mange i gryterettar eller i sosekjøtt. Me anbefaler dette kjøtet også som tradisjonelt biffkjøt, da dette er av dei aller mest smakfulle stykka.

Entrecôte – 350,- / kg

Spør du ein franskmann kva som er den beste biffen, vil svaret garantert vere entrecôten. Dette er kjøtet som smeltar i munnen om det blir laga til rett. Sterk varme og veldig kort steikjetider det som skal til for å lykkast.

Surra steik – 329,- /kg

Søndagsmiddagen som lager seg sjølv. Putt steikjetermometeret i, og ha god tid. Vel heller svak varme og lengre tid, da blir resultatet best.

Høgrygg – 160,- /kg

Dette er topp kjøt til gryterettar og brun lapskaus. La kjøtet trekkje lenge nok, så får du eit mørt og smakfullt resultat. Høgrygg blir tradisjonelt brukt til den berømte retten Boeuf Bourguignon, ei smaksbombe med sjalottlauk, raudvin og bacon.

Sosekjøt – 170,- /kg

Rimeleg grytekjøt med masse god smak. Sjekk disse oppskriftene for tips, om du er tom for idéar.

Bestill