pølser

Pølser er så uendeleg mykje meir enn fastfood. Me tør hevda at pølser kan vere festmat, grillmat, middag, frukost, lunsj, snacks, kosemat og kjapp mat. Eller sakte mat. Det avhenger av kva humør du er i for anledninga. Sjølvsagt avhenger det og av kva typer pølser du tenkjer å servera. Våre Fjellsnabb-pølser er ikkje for amatørar og pølsofobe, men smakar utmerka saman med blant anna poteter, god sennep, surkål, eller speilegg. Pølsene inneheld kjøt frå sau og storfe.

Skaulen Middagspølse – 206,- /kg

Vår mest populære pølse egnar seg like godt til grilling som til koking. Pølsa er mild på smak og inneheld ikkje noko anna enn godt kjøt og krydder.

Vikane Krydderpølse – 206,- /kg

Kraftig og smakfull pølse som eignar seg aller best til steiking og grilling. Laga av lam frå Sauda.

Bestill